25.04.2022

Ny artikkel i Barnehagefolk: Faglige hierarkier og verdivalg

Forskarar frå prosjektet har bidratt med artikkel om struktur og arbeidsdeling i barnehagen.

I nytt nummer av tidsskriftet Barnehagefolk, har Kjetil Børhaug og Dag Øyvind Lotsberg bidratt med spennande artikkel om struktur og arbeidsdeling i barnehagen. Børhaug, som arbeider ved Universitetet i Bergen, og Lotsberg, som arbeider ved Høgskulen på Vestlandet, er begge tilknyttet forskningsprosjektet Evaluering av implementering av rammeplan for barnehagen.

I artikkelen drøftar forfattarane endringar i struktur og arbeidsdeling i barnehagen, som tidlegare har vore omtalt som ein kontekst med flat struktur og lite spesialisering. Forfattarane argumenterer for at endringar i organisering har tyding for arbeidet i barnehagen, og oppmodar barnehagelærarar til å delta i debatten om organisering og verdiar knytt til dette.

Artikkelen kan ein finna i siste nummer av Barnehagefolk.