25.04.2022

Nytt bokkapittel om kvalitetsmål og brukartilfredsheit i barnehagen

Forskarar frå prosjektet med spennande bokkapittel om kvalitetsmål for barnehagen i ny bok.

I bokkapittelet testar forskarane om kvalitetsmål ved barnehagen påverkar kor nøgde foreldra er med bemanninga i barnehagen. Forfattarane er Håvard Thorsen Rydland, Åsta Dyrnes Nordø og Dag Arne Christensen, som alle deltar i forskingsprosjektet om evaluering av implementering av rammeplan for barnehagen. I kapittelet nyttar dei data frå foreldreundersøkinga i barnehagen frå 2016-2019, og data frå registeret BASIL, som barnehagar rapporterer til.

Kapittelet inngår i den nye boka Methodology for Multilevel Modeling in Educational Research, som tar for seg bruk av statistiske metodar for å analysera data om utdanning. Utdanning er eit stort forskingsfelt med samansette kvalitetsmål, der ulike aktørar deltar på ulike nivå i strukturen.

Bokkapittelet kan ein lesa ved å gå inn på denne nettsida.

Bilde: Faksimile av bokas forside, frå Springer.