03.06.2022

Webinar om evaluering av ny rammeplan

Forskarar frå prosjektet på webinar med Norsk evalueringsforening.

28. april deltok Anne Homme og Kari Ludvigsen på webinar med Norsk evalueringsforening. Homme er prosjektleiar for evaluering av implementering av ny rammeplan for barnehagen, og Ludvigsen er leiarfor delprosjekt 2. På webinaret presenterte dei funn og metode for forskingsprosjektet. På webinaret deltok også Utdanningsdirektoratet og KS, som kommenterte funn og bruk av resultat frå forskingsprosjektet.

Webinaret gav ein spennande diskusjon om korleis ein kan undersøka endring og reformer med ulike forskingsmetodar. Implementering er eit komplekst tema, og det vil ofte vera fleire ulike endringar som går føre seg samstundes. For barnehagefeltet har det til dømes vore fleire større endringar i styring og regulering sidan ny rammeplan blei innført.

Norsk evalueringsforening er eit fagleg forum som mellom anna arrangerer møte og erfaringsutveksling om evaluering.